Gjev éin million til ulovleg busetjing

Då FN kravde byggjestopp i dei ulovlege israelske busetjingane på Vestbreidda, svarte norske Israels-vener med å samle inn ein million kroner til nybyggjarar.

Med Bibelen under armen gav styreleiar John Skåland i Karmel-Instituttet éin million kroner til nybyggjaraleiar Motti Isaak i busetjinga Ma´ale Efraim 10. mai.
Publisert Sist oppdatert

Vesle julaftan fatta FN eit historisk vedtak. For første gong sidan 1979 vedtok Tryggingsrådet ein resolusjon som fordømte Israels busetjingspolitikk.

USA valde ikkje å støtte Israel som vanleg ved å leggje ned veto – dei nøgde seg med å avstå frå å røyste.

Resolusjonen krev full byggjestopp i dei ulovlege busetjingane på Vestbreidda, som Israel okkuperte under Seksdagarskrigen for 50 år sidan.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP