Gjer homofili kriminelt, får milliardar i bistand frå Norge
LOVENDRINGAR: Ghanesaren Kwame blei blinda på eitt auga fordi han er homofil. Afrikanske land ivrar etter å gjere homofili straffbart. Mange land får raust med bistand frå Norge.
LEVER I FRYKT: Kwame og Suleman bur i Ghana. Men paret vågar ikkje å bu saman, dei fryktar trakassering og vald om dei er opne homofile.
Francis Kokoroko
– Eg blei fødd med to auge, seier 30 år gamle Kwame og fortel at eitt auga blei skadd i 2021.
– Ein nabo gjekk til åtak på meg.
Motiv? Kwame er homofil.