Forlet kyrkja då prestane streika
Frp-topp tvilar på at han vil vise seg i kyrkja igjen. Den lokale
presten håpar han tek seg tid til samtale.
Då prestane onsdag deltok i politisk streik saman med LO, Unio og YS mot regjeringas forslag til ny arbeidsmiljølov, melde Frp-
politikar Einar Almaas (innfeldt) seg ut av Den norske kyrkja.
Erlend Berge og Fremskrittspartiet
– Eg melder meg ut fordi propagandaen frå LO ikkje er sann. Så når prestane støttar noko som ikkje er sant, så melder eg meg ut. Kristendommen er veldig viktig for meg, så då kan eg ikkje støtte det. Eg forventar meir av prestane enn av politikarane, seier Einar Almaas.
Han er fylkesleiar for Framstegspartiet i Nord-Trøndelag og er trist i stemma når han fortel at kyrkjedøra kanskje er lukka for godt. Prestar i Den norske kyrkja deltok onsdag for første gong i ein politisk streik. Då melde Frp-toppen seg ut på dagen, melder Namdalsavisa.
LES MER: Streiket – men hadde telefonen på
Bestill abonnement her
KJØP