Folkevalde ønskjer aktiv dødshjelp

Land med liberalt syn på abort har også eit liberalt syn på dødshjelp. Europeisk autoritet på eutanasi spår lovendringar i Nord-Europa i løpet av ti år.

På Dronning Fabiola barnesjukehus i Brussel kan barn få aktiv dødshjelp. I 2002 fekk ulækjelege sjuke, handikappa og psykisk sjuke i Belgia rett til aktiv dødshjelp om dei var eldre enn 12 år. I 2014 blei aldersgrensa fjerna. Gutar og jenter kan få hjelp til å avslutte livet om dei lir av fysiske sjuk­domar som ikkje kan lækjast.
Publisert Sist oppdatert

– Om eg var ei ung kvinne med eit veksande liv i min kropp, kunne eg fått hjelp frå helsevesenet til å avslutte det. Men ei gammal kvinne som meg har ikkje rett til å avslutte livet sitt eit par veker før sjukdommen gjer det. For meg er dette slett ikkje logisk, og det gjer meg sint.

81 år gamle Inga-Lisa Sangregorio fortel det svenske magasinet KIT.se at ho, via fleire legar, har gøymt unna legemiddel for å kunne avslutte livet når ho sjølv ønskjer. Den svenske kvinna har kreft, og ønskjer sjølv å avgjere når ho vil døy – om sjukdommen blir for tung å bere.

Ho blir provosert av at abort er lov, men ikkje aktiv dødshjelp.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS