Folket ingen vil ha
Ti millionar menneske er statslause i verda i dag. Ein av millionane er rohingyaane i Myanmar. Fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi talar ikkje deira sak.
Ei rohingya-kvinne gret medan ho fortel på mobiltelefonen til ein slektning i Malaysia at ho no er komen til Indonesia.
Roni Bintang/NTB scanpix
Myanmar var eit militærdiktatur fram til 2011. Då hengde generalane uniformene i skåpet, trekte i sivil og innleia demokratiske og økonomiske reformer. Verdssamfunnet – Norge inkludert – svarte med å heve sanksjonar og opne for handel og samarbeid.
I 2012 blei den muslimske minoriteten rohingya for alvor kjent utanfor landet som lenge heitte Burma. For tre år sidan blei fleire hundre rohingyaar drepne i valdelege samanstøyt med rakhinarar – ein annan minoritet som lever vest i Myanmar. Minst 140.000 rohingyaar blei jaga vekk frå hus og heim og inn i kummerlege flyktningleiarar som få internasjonale hjelpeorganisasjonar har tilgang på.
Kven er rohingyaane?
Bestill abonnement her
KJØP