FN ber om uavhengig gransking etter migrant-tragedie
FN krev ei uavhengig gransking etter at minst 23 menneske døydde då rundt 2.000 migrantar prøvde å krysse grensa mellom Marokko og Spania førre veke.

– Vi ber dei to landa sørgje for at det blir gjennomført ei effektiv og uavhengig etterforsking som eit første steg mot å fastslå omstenda rundt dødsfalla og skadane og alle moglege ansvarsforhold, seier Ravina Shamdasani, talskvinne for FNs menneskerettskontor, tysdag.
Oppmodinga kjem etter at Den afrikanske unionen (AU) bad om ei gransking av kva som skjedde då opprørspoliti greip inn overfor folkemengda som prøvde å klatre over gjerdet på grensa mellom Marokko og den spanske enklaven Melilla fredag.
Annonse
AU-leiar Moussa Faki Mahamat har kalla behandlinga for valdeleg og nedverdigande.
Marokkanske styresmakter har oppgitt at nokon døydde då dei fall ned, og at mange kom i klem og vart trakka ned.
(©NPK)