Fleire unge med tunge tankar søker hjelp i jula

TUNG TID: Mental Helse og Kirkens SOS fortel om fleire unge som tek kontakt i jula. Samtalane er blitt meir alvorlege.

e
SKRIV TANKANE: Mental Helse driv Noregs einaste døgnopne hjelpechat som er open for alle. I jula har pågangen vore spesielt stor.
Publisert Sist oppdatert

– Mange barn fortel om problem i nære relasjonar i jula. Det er alt frå misbruk og vald til konfliktar rundt ei skilsmisse. Fleire fortel om sterk angst knytt til store familiemiddagar, mange kjenner på ein depresjon som blir forsterka i juletider.

Det seier Kenneth Pedersen, teamleiar for sidetmedord.no, chat-tenesta til Mental Helse.

Juletida er vanskeleg for mange. Frå 23. til 28. desember har Mental Helse fått 4.955 telefonar og chat-meldingar frå folk som treng nokon å snakka med. Det er ei auke på ni prosent frå året før.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS