Fleire stoppar for å sove
Det er berre ein lur som hjelp, ikkje kaffe eller søtsaker når du er trøytt og sit bak rattet.
Folk som sovnar bak rattet er årsak til 30 prosent av møte- og utforulukkene på norske vegar.
Scanpix
Du ser skilta langs vegen: «Søvnig? Stopp og sov» lyder teksten der ein mann har slokna på skuldra til kvinna si.
Og skilta verkar. Fleire stoppar for å sove – og for å bytte sjåfør. I 2006 fortralde ein av fire at dei hadde stoppa og teke ein blund når dei vart trøytte bak rattet. Det var seks prosent meir enn året før. Og fem prosent fleire bytta sjåfør når augo byrja glippe, melder bladet Trafikkforum.
– Svært gledeleg er det også at færre brukar triks som ikkje verkar, som å drikke kaffe, setje på høg musikk eller ete søtsaker. Dette er i tråd med det vi vil oppnå, seier Kjersti Danielsen Nordgård i Statens vegvesen.
Bestill abonnement her
KJØP