Fleire ber regjeringa gripe inn – afghanar med naudrop
TALIBAN PÅ FRAMMMARSJ: Frå fleire kantar kjem no kravet: Regjeringa må vurdere sakene til eks-tilsette afghanarar på nytt. - Taliban angrip Mazar-e Sharif. Me førebur oss på å døy, seier afghanar.
FIRE ÅR: Afghanaren arbeidde for Forsvaret i Afghanistan i åra 2011-2014, og ber no om å få kome til Norge. Her står han til høgre, saman med ein afghansk kollega og to norske soldatar.
Privat
– Regjeringa må gå gjennom sakene til tidlegare tilsette, som har fått avslag, på nytt.
Kravet kjem frå Senterpartiets forsvarspolitiske talskvinne, Liv Signe Navarsete, som også har vore statsråd og partileiar.
Mazar-e Sharif er under kraftig angrep fra Taliban og kan bli den neste provinshovudstaden som står for fall i Afghanistan, melder NTB måndag.