Fjernar forbod mot frivilligjobb
Jens Rodriguez Jensen vonar innsatsen på sykkelverkstaden til Røde Kors skal gje han jobb. No får han og 145.000 andre mottakarar av arbeidsavklaringspengar hjelp av arbeidsministeren.
Jens Rodriguez Jensen jobbar på sykkelverkstaden Red Bike for å kvalifisere seg til ein fast jobb i sykkelbransjen.
Erlend Berge
– Draumen? Det er fast jobb på ein sykkelverkstad, seier Jensen, og trillar fram ein sykkel som skal få ein vedlikehaldssjekk.
– Kva hadde du gjort om du ikkje hadde jobba her?
– Då hadde eg sete heime - og gjort ingenting, eller fylt dagane med dataspeling, vedgår Jensen.