FHI: Den nye koronavarianten er påvist i avløpsprøver i Noreg
VIRUS: Den nye koronavirusvarianten BA. 2.86 er påviste i avløpsprøver i Noreg, men i svært lite omfang, opplyser Folkehelseinstituttet.
Det betyr at varianten finst i nokre menneske i Noreg, utan at FHI veit kor mange det gjeld, skriv FHI.
Varianten har likevel enno ikkje vorte påvist i pasientprøver i Noreg. Så langt har varianten berre vorte påvist i nokre titals pasientar frå fleire land over heile verda.
Det er ingen indikasjonar på at BA. 2.86 gir meir alvorleg sjukdom enn tidlegare variantar, skriv instituttet.
Bestill abonnement her
KJØP