FHI: 40 prosent nedgang i hjarteinfarkt på ti år

Den siste tiårsperioden er det registrert ein nedgang på 40 prosent i hjarteinfarkt. Årsaka blir knytt til sunnare livsstil.

Covid-bølgja i sommar har passert toppen, ifølgje FHI. Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK
FÆRRE PASIENTAR: 40 prosent færre pasientar vart registrerte med diagnosen hjarteinfarkt i 2021 enn i 2012.
Publisert Sist oppdatert

– Positive endringar i risikofaktorar som blodtrykk, kolesterol og røyking forklarer ein stor del av nedgangen i hjarte- og karsjukdommar, seier overlege Rune Kvåle i Hjarte- og karregisteret ved Folkehelseinstituttet (FHI) i ei pressemelding.

I pandemiåret 2020 vart det registrert færre pasientar enn forventa med diagnosane akutt hjarteinfarkt, atrieflimmer og hjartesvikt, men i 2021 var talet på personar registrert med hjarte- og karsjukdommar tilbake til forventa nivå.

Årsaka til at talet på personar med atrieflimmer framleis er noko lågare enn forventa ut frå åra før pandemien, er ikkje kjende.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP