Fattige i Noreg: Eldre har ikkje råd til nye klede

Medan Norges rikaste aukar formuen, bur ein av fem i ein husstand som ikkje har pengar til ei utgift som kjem brått og overraskande.

13 prosent av åleinebuande minstepensjonistar har ikkje råd til å erstatte utslitne klede, viser den siste levekårsundersøkinga frå SSB.
Publisert Sist oppdatert

Statistisk sentralbyrå (SSB) klaskar to rapportar i bordet som viser at Norges 5,3 millionar innbyggjarar lever under svært ulike økonomiske kår:

Få eig meir. I 2018 eigde dei ti prosent rikaste 58 prosent av den private formuen i Norge. Den same gruppa eigde 46 prosent av den private formuen i 2005.

Mange har ikkje pengar i bakhand. Nesten ein av fem, 19 prosent, bur i ein husstand som ikkje har sparepengar nok til å betale ei utgift som kjem brått på; kjøpe ny vaskemaskin eller komfyr.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS