Familien gjer kvinner sjuke
Menn vert psykisk sjuke av jobben, kvinner av heimen, viser norsk studie. – Kvinner må lære seg å seie nei, meiner Høgres kvinneleiar Julie Brodtkorb.
Julie Brodtkorb meiner kvinner må bli flinkare til å seie nei.
Erlend Berge
Det er store skilnader på kvifor kvinner og menn vert sjukmelde på grunn av mentale lidingar. Ei ny, norsk undersøking viser at familie og privatliv er hovudårsaka for kvinnene, for mennene er det jobben.
DISKUTÈR: Korleis skal kvinner takle summen av arbeid, privatliv og familieliv?
Tradisjonelle kjønnsroller. – Kvinnene fortel om problematiske familierelasjonar, stort omsorgsansvar for born eller eigne foreldre som årsaker til ei sjukemelding. Menn legg vekt på press, konfliktar eller omorganiseringar på jobben, seier Kari Batt-Rawden hjå Østlandsforskning, som har intervjua 30 sjukemelde kvinner og menn om kvifor dei vart sjuke.
Bestill abonnement her
KJØP