Fagforening-topp vil ha israelske vinflasker ut av Vinmonopolet

STOPP: I fjor kjøpte nordmenn rundt 7.800 flasker vin og brennevin frå Israel og ulovlege israelske busettingar. Klubb-leiar for dei tilsette vil ha stopp i salet. Saka blir tema under møte i Vinmonopolet.

Gamla Cabernet Sauvignon. Rødvin fra Golanhøydene i Israel på Vinmonopolet i Oslo.
GAMLA PÅ POLET: Denne vinen er bestseljar i Noreg blant dei israelske busettar-vinane. Gamla Cabernet Sauvignon er produsert på Golanhøgdene, på område som Israel har okkupert frå Syria.
Publisert Sist oppdatert

– Eg er bekymra for at me har desse vinane inne og kva det gjer med oss som bedrift.

Det seier Helge Storvik, leiar av Handel og Kontor Vinmonopolet, ei fagforeining som organiserer 1.100 tilsette. Det er over halvparten av alle som jobbar i det statleg eigde selskapet.

I dag kan kundar velja mellom 13 produkt frå Israel og israelsk-okkuperte område frå sortimentet til Vinmonopolet. Ifølgje Helge Storvik har dette over tid skapa reaksjonar internt blant dei tilsette, ikkje minst etter krigen i Gaza braut laus i oktober.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP

Powered by Labrador CMS