EU: Snus er helsefarleg
EU åtvarar mot snus og seier at snusbruk er helsefarleg.
Sjølv om snus ikkje er så farleg som røyk, åtvarar EU-rapport om store helsefarar.
Svanpix
Det vert slege fast i ein ny rådgjevande EU-rapport. I dag er Sverige det einaste EU-landet der snussal er lovleg, og rapporten tyder på at det ikkje blir meir frislepp av snus.
– Det finst ikkje i det heile teke vitskapleg grunnlag for å seie at snus skulle minske helserisikoen, seier professor Anders Ahlholm til den svenske avisa Dagens Nyheter. Han er professor i epidemologi ved Karolinska institutet og er ein av hovudforfattarane bak rapporten.
Dagens Nyheter skriv at det framleis manglar prov for kva rolle snus spelar som røykeavvenning. Rapportskrivarane har difor hatt vanskar med å seie kva som vil hende med dei europeiske røykevanane dersom snusen vart sleppt fri. Kanskje ville røykarar byrje snuse i staden, men rapportskrivarane fryktar også at mange ikkje-røykarar ville starte med snus og på den måten utsette seg for helserisiko.
Bestill abonnement her
KJØP