EU: Noreg har ikkje meldt seg til Gaza-evakuering
KRIG: EU ber land om å bistå med medisinsk evakuering frå Gaza. Seks land har takka ja, Noreg er ikkje mellom desse. Det stadfestar EU-kommisjonen til Vårt Land.
GAZA: Palestinske helsearbeidarar behandlar eit barn som vart såra i eit israelsk bombardement på ein bustadleilegheit eigd av Abo-Jalamo-familien i Bureij flyktningleir, ved al-Aqsa-sjukehuset i Deir al Balah, sentralt på Gazastripa, tidleg fredag 14. juni 2024.
Saher Alghorra / NTB
Israels krigføring har lagt store delar av Gaza i ruinar. Minst 37.347 palestinarar er drepne og over 85.300 er såra. Mange av dei er barn.
Verdas Helseorganisasjon (WHO) har bede EU-land om å ta imot opptil 9.000 pasientar frå Gazastripa. Dette er sivile som treng medisinsk behandling.
Appellen frå WHO vart sendt ut 22. april i år. I brevet ber WHO land som er villige til å hjelpa, om å ta kontakt med EU. Det er frivillig å tilslutta seg eit slikt program for medisinsk evakuering.