Erna Solberg haustar Kina-kritikk
– Alle veit at regjeringa ikkje vil møte Liu Xia dersom ho kjem til Norge, då kan dei like greitt ligge unna, seier Petter Eide (SV).
Erna Solberg får kritikk for at hennar regjering ikkje ønskjer Liu Xia velkomen til Norge, men avventar situasjonen. Biletet er frå Solberg på den kinesiske mur, under hennar statsbesøk i Kina.
Junge, Heiko
Denne veka vart kunstnaren Liu Xia lauslate frå husarrest i Kina, der ho har sete sidan ektemannen hennar Liu Xiaobo vart tildelt Nobels fredspris i 2010.
Ho er no i Tyskland, og Den Norske Nobelkomite sa tysdag at ho er velkomen til Norge for å ta imot fredsprisen på vegne av Liu Xiaobo. Han døydde av kreft for eitt år sidan. Det er uklart om Liu Xia kjem til å godta invitasjonen frå Nobelkomiteen.
Abid Raja, visepresident på Stortinget (V), sa til Vårt Land tysdag at sjølv om fredsprisen ramma Norge økonomisk og politisk, må Norge stå opp for menneskerettane, også overfor Kina.