Elev får ikkje fritak frå homofiliundervisning
Kommunen avslo søknaden om fritak frå undervisning om homofili og surrogati. No har Fylkesmannen kome til same konklusjon.
Foreldra som søkte om at barnet deira skulle få fritak frå undervisning om homofili og surrogati, har fått avslag frå alle instansar. Avgjersla frå Fylkesmannen er endeleg og kan ikkje klagast på.
Scanpix
Foreldra til ein elev ved Forsand skule i Ryfylke søkte tidlegare i år om fritak frå timar der tema er homofili og surrogati, av samvitsgrunnar på bakgrunn av livssyn.
Søknaden vart avslått av både rektor ved skulen og klagenemnda i Forsand kommune. Det vart sagt at det ikkje er heimel i opplæringslova for eit slikt fritak. Foreldra til eleven klaga på avgjersla, og dermed hamna saka på bordet til Fylkesmannen i Rogaland.
LES OGSÅ: Tenker nytt om homofili – sliter med formidlingen