Ektemannen ringde Wenche 50 gonger om dagen
KVINNEBYRDE: Viggo og Wenche fekk to barn og 40 gode år saman. Så kom dei vonde åra. Flest kvinner ber børa med å ha ein ektefelle med demens.
EIT LANGT LIV: Wenche Størseth falt pladask for den kjekke mannen ho møtte på skøytebana i tenåra. Dei fekk 40 gode år saman. Så kom dei vonde, då mannen Viggo begynte å endra seg.
Erlend Berge
Wenche Størseth var berre 15 år då ho møtte Viggo for første gong. Ho fekk auge på han på Bislett stadion i Oslo.
– Han var så god til å gå på skøyter. Han spelte bandy, eg dreiv med kunstløp. Mor mi sa han var alt for gamal, for han var tre år eldre enn meg. Eg høyrde ikkje på henne.
Wenche smiler og ser ut i stova på Nesodden utanfor Oslo. Møtet på glattisen blei etter kvart til eit ekteskap. Viggo og Wenche fekk to barn og 40 gode år saman.
Bestill abonnement her
KJØP