Ekstraordinært møte i Forsvarskommisjonen: Krigen har endra mykje på kort tid
Forsvarskommisjonen gjennomførte onsdag eit ekstraordinært møte i samband med krigen i Ukraina.

Forsvarskommisjonen skal eigentleg gi innspel til kva som best varetek norsk tryggleik i eit perspektiv på 10–20 år, men Russlands invasjon av Ukraina fører til at kommisjonen gjer eit unntak.
– Vi er i utgangspunktet ein kommisjon som ikkje skal vere dagsaktuelle og har som hovudoppgåve å løfte blikket og sjå langt fram, men situasjonen i Ukraina krev at også vi tek stilling til kva dette betyr for oss, seier Knut Storberget, leiar for Forsvarskommisjonen.
Under møtet, som var digitalt, var fleire fagfolk samla for å gi ei oppdatert oversikt over situasjonen og svare på spørsmål frå medlemmene i kommisjonen.
– Vi er alle samde om at denne krigen har endra mykje på kort tid. Fleire land har brote med eigne pålegg og prinsipp, som vi ikkje hadde trudd kunne eller ville skje for kort tid sidan, seier Storberget.
Han seier debatten, både her heime og i store delar av verda, handlar om forsvars- og tryggingspolitikk – noko det truleg vil gjere i lang tid.
– Dette vil òg påverke oss og arbeidde vi er i gang med blir om mogleg endå viktigare, seier Storberget.