Eit historisk Kyrkjemøte – med sprit og signing
På tre dagar skal kyrkjas øvste organ vedta reglar, strategiar og leiarar for framtida. Bak delegatane faldar nokon hendene for at det skjer etter Guds vilje.
Kari Anne Skårdal reiser rundt i Noreg for å be for folk, møter og dele vitnesbyrd. I helga er ho i Trondheim og faldar hendene for Kyrkjemøtet.
Tuva Skare
Even when I don’t see it, you’re working.
Even when I can’t feel it, you’re working.
Tonane frå Michael W. Smith strøymer lett metallisk ut frå ein berbar PC. Ved sida ligg oppslådde biblar, songbøker og ein kaffikopp – for Randi Anne Skårdal har bede i nesten tre timar allereie. Klokka er 09.00.