Ein person omkom i brann på kristen rusinstitusjon

BRANN: Ein av bebuarane døydde då det oppsto ein brann på eit rom på Riisby behandlingssenter på Dokka i Nordre Land seint mandag kveld.

Riisby behandlingssenter på Dokka i Nordre Land, er en kristen institusjon for behandling av rusavhengige.
Riisby behandlingssenter på Dokka i Nordre Land, er en kristen institusjon for behandling av rusavhengige.
Publisert Sist oppdatert

– Eg var sjølv ute og padla då eg såg røyken velte ut over dalen. Det var veldig dramatisk, seier fungerande ordførar Linn T. Sunne i Nordre Land kommune.

Politiet vart varsla om brannen ved 22-tida måndag kveld, og i løpet av natta vart det klart at ein av bebuarane på institusjonen hadde døydd i brannen.

– Dette er ei veldig tragisk hending. Eg har stor omtanke og medkjensle for dei som er ramma, seier Sunne.