Eigarane av atomkraftverket: – Ei fare ikkje berre for regionen, men for heile verda
UKRAINA: Natt til fredag gjekk russiske styrkar til angrep på Europas største kjernekraftverk. På Telegram og Facebook gjev energiselskapet som eig krafverket, Energoatom, si skildring av situasjonen.
OKKUPERT: Zaporizjzja-kraftverket (ZNPP), som ligg i den vesle byen Energodar søraust i Ukraina, vart angripe av russiske styrkar natt til fredag, og er no okkupert.
/AP
I ein lengre post på det sosiale mediet Telegram publiserte energiselskapet Energoatom fredag føremiddag si skildring av situasjonen ved Europas største kjernekraftverk.
Zaporizjzja-kraftverket (ZNPP), som ligg i den vesle byen Energodar søraust i Ukraina, vart angripe av russiske styrkar natt til fredag, og ei bygning i utkanten av sjølve kraftverksområdet vart sett i brann.
– Når atomterroristar som ikkje veit korleis dei skal handtere kjernefysisk materiale på ein sikker måte har teke kontroll over eit så teknisk komplekst anlegg som eit kjernekraftverk, så er det ein fare ikkje berre for regionen, men for heile verdas, heiter det i meldinga.