Eidsvåg og Jesus

Knapt noko er lettare for Bjørn Eidsvåg enn å få eit teaterpublikum i hovudstaden til å skratte av livet på bedehuset.

– Med kompaniskap av Svein Tindberg som ein glitrande revyartist, var det ikkje til å undre­ seg over at Bjørn Eidsvåg fekk lattersalvene­ til å runge i framsyninga Etterlyst: Jesus, skriv Johannes­ Morken.
Publisert Sist oppdatert

Bjørn Eidsvåg fengslar publikummet­ sitt. På Det Norske Teatret har han saman med Svein Tindberg laga ei på mange måtar storarta framsyning i Etterlyst: Jesus­. Vi som har røter på bedehus og i kyrkjebenkar har godt av å bli herja med.

LES ANMELDELSE AV FORESTILLINGEN: «Det svinger av Jesus»

Eg har ikkje tenkt å ta frå Bjørn Eidsvåg opplevingane hans på bedehuset i Sauda. Det som likevel slo meg under framsyninga var at knapt noko er lettare for Bjørn Eidsvåg enn å få eit teaterpublikum i hovudstaden til tidvis skratte av framstellinga av livet på bedehuset. Med kompaniskap av Svein Tindberg som ein glitrande revyartist, var det ikkje til å undre seg over at lattersalvene runga.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS