Ei bok med fargar

Før eg gjekk til barneskulen om morgonen, hende det at mor henta fram eit raudt nytestamente og lét meg lesa eit kort avsnitt der. Så brukte eg ein fargeblyant av ein eller annan kulør og streka under eit viktig vers eller to til ei åndeleg niste på skulevegen. Bibelen vart ei bok med fargar!

Publisert Sist oppdatert

Korkje skuledagen eller skulevegen var av det lette slaget. Ofte starta dagen med tungt hjarta og enda med gråt. Bibelorda berga meg ikkje frå det som var vanskeleg og leit. Men dei gav meg likevel haldepunkt i tilveret. Eg visste at desse orda var avgjerande for far og mor. Eg trudde det var sant, det eg las. Og eg visste Gud var ein som brydde seg om meg, også om eg var åleine og mislikt.

Eg har inga oppskrift på kor mykje gudsord ein skal gi borna sine, eller korleis det skal formidlast. Ein skal ikkje handla slik at ein vekkjer motstand og skuvar borna bort frå Gud. Men eg trur at det er viktige ord, og at det difor er noko av det beste vi kan gi vidare til slektene som kjem. Bibelen er ei fantastisk bok! Ho omhandlar dei fleste forhold i livet, og viktigare: Ho omhandlar forholdet mellom mennesket og Gud. Bibelen er ei bok i fargar, med sterke forteljingar og vakker poesi, med trøystande ord som skaper tru og von, med lovnader om fred og glede, med døme på levd liv i tunge og gode tider, med rettesnorer for eit godt og gagnleg liv, med himmel over horisonten, med lys for den mørke stigen, med trøyst ved dødens terskel, med tilsagn om soning, rettferd og frigjering.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP