Dyster rekord i amerikansk jungel: Risikerer livet på vegen mot USA
DYSTER REKORD: Oriana Marcano og Luis Lopez såg ingen annan utveg enn å gå inn i Darien Gap, flyktningruta som tek liv. – Me ba Gud, ikkje forlat oss her.
FARLEG: Ei gruppe haitianarar passerer ei elv i grenselandet mellom Colombia og Panama, Darien Gap. Det er livsfarleg å ta seg gjennom jungelen mellom dei to landa.
Ivan Valencia
Dei visste ikkje kva dei la ut på, kva farar som lurte, kor lenge det ville ta. Men dei var villige til å ta sjansen. På å møte drepande farleg natur; ville elvestryk og dødelege dyr, kriminelle som ranar, valdtek og drep.
Dei var seks som la ut på den strabasiøse vandringa, mor Oriana, far Luis, barna Stefano og Amaloha samt bestemor til Oriana.
Dei hadde også ein ekstra med på ferda. Oriana var gravid i sjuande månad.