Du får billegare klær. Dei får dårlegare løn.

Lite vert gjort for å heve løna til dei som syr kleda våre, viser ny undersøking.

Hovudstaden i Bangladesh, Dhaka, har over 4.000 fabrikkar som berre produserer eksporttekstilar. Over 800.000 menneske, 12,5 prosent av byens innbyggjarar, jobbar i tekstilindustrien.
Publisert Sist oppdatert

Frå millionar av hamrande symaskiner i Asia strøymer ferdigsydde plagg til norske butikkar. Aldri før har det vore billigare for nordmenn å kjøpe klede. Samtidig som norske lønningar går opp, vert løna til dei som syr kleda våre, i land som India, Kina og Bangladesh, pressa ned. Kleskjedane tvingar utgiftene i golvet, for at du og eg kan kjøpe kilovis med klede - utan at lommeboka vert lettare.

Ein ny rapport viser at lønsvilkåra for tilsette på tekstilfabrikkar framleis er svært dårlege mange stader. Let's clean up fashion 2011 tar utgangspunkt i ei spørjeundersøking av britiske kleskjedar, og kastar lys over kva kjedane gjer for å sikre at dei som lagar kleda får ei bærekraftig løn. Labour behind the Label (LBL), den engelske greina av det EU-støtta prosjektet Clean Clothes Campaign (CCC), står bak kartlegginga.

Minsteløn. Verstingane i undersøkinga er kjende merke for norske forbrukarar, som Hennes & Mauritz, Levi Strauss, Fcuk og Gap. Alle desse opererer med minsteløn for dei tilsette, og kan ikkje vise til konkrete tiltak for å betre lønsvilkåra til dei fabrikktilsette. Heller ikkje dyrare merke, som Burberry, skårar høgt i undersøkinga.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP