Dottera til Ezana Ababe ville ikkje sleppe taket i faren. No skal han bli tvangsendt til Etiopia etter 22 år i Norge

TVANGSRETUR: Ezana Abebe har budd 22 år i Norge, og er far til ei dotter. Han har endeleg avslag på asylsøknaden, og skal tvangsreturnert til Etiopia. Justisministeren ventar med «barns beste»-tiltak.

asyl
MØTE: I 2022 møtte Ezana Abebe statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og tok opp eiga asylsak med han. Men ein statsminister behandlar ikkje einskildsaker.
Publisert Sist oppdatert

Ezana Abebe fortel Vårt Land at han blei kalla inn til eit møte hjå Politiets utlendingseining (PU) i Oslo. Herfrå gjekk ferda til Politiets utlendingsinternat (PU) på Trandum.

Abebe er far til ei jente på åtte år. To gonger har ho vitja far på det fengselsliknande internatet.

– Første gongen klarte eg ikkje å fortelje henne kvifor eg sat her. Andre gongen fekk ho vite det. Då ville ho ikkje sleppe taket i meg, fortel Abebe på telefon frå Trandum.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS