Dette er tre ubesvarte spørsmål i Solberg-saka
POLITIKK: Høgre har varsla at dei skal legga fram ei tidslinje i saka om Sindre Finnes sine aksjekjøp. Her er nokre av spørsmåla som førebels ikkje er svara på.
TIDSLINJE: Sindre Finnes gjorde over 3.600 aksjehandlar medan kona Erna Solberg (H) var statsminister.
Rodrigo Freitas
Fredag sist veke la Høgre fram lista som viser at Sindre Finnes gjorde over 3.600 aksjehandlar medan Erna Solberg (H) var statsminister.
Lista vart offentleggjort fire dagar etter valet, der Høgre for første gong på nesten 100 år vart Noregs største parti.
Sidan lista vart lagt fram, har det komme fleire nyheitssaker om Finnes sine aksjehandlar. No varslar Høgre at partiet vil legga fram ei tidslinje over kva som har skjedd i saka. Den skal koma tysdag, men det er førebels uklart når ho kjem.