– Det finst kanskje ikkje større motpolar i USAs politikk enn Jimmy Carter og Donald Trump
POLITIKK: Knut Vollebæk møtte USAs Jimmy Carter fleire gonger. Ein forseinka flytur har brent seg fast i minnet.
BAPTIST: Etter å ha gått av som president, dreiv Jimmy Carter søndagsskule i Maranatha Baptist Church i heimbyen Plains i Georgia. Bildet er frå 2009.
John Bazemore
– Han var veldig beskjeden, og eit sosialt og empatisk menneske.
Det seier Knut Vollebæk om USAs tidlegare president Jimmy Carter, som døydde søndag, 100 år gammal.
Vollebæk har møtt Carter fleire gonger, både då han jobba med bistand, som utanriksminister frå 1997 til 2000 og seinare som Noregs ambassadør til Washington, D.C.