Det burde ringt ei bjølle
Leiaren i familie- og kulturkomitéen på Stortinget meiner Rotevatn-saka syner at den nye ordninga for pressestøtte til vekeaviser er for dårleg.
May-Helen Molvær Grimstad vart avvist av statsråd Trond Giske då ho for ein månad sidan ba om at Kulturrådet blir fråteken ansvaret for statsstøtte til vekeaviser.
Scanpix
Det bør ringje ei bjølle når ein går frå styreverv i ei avis og inn i eit utval som skal vurdere kor mykje den same avisa skal få i statsstøtte. Eg seier ikkje at Rotevatn var inhabil i juridisk forstand, men eg forstår jo at det kjem reaksjonar på det som har skjedd, seier May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til Vårt Land.
LES OGSÅ: Frå styreverv til milliontildeling
Ba om auke. Fredag blei det kjend i Vårt Land at medieprofilen Audhild Gregoriusdotter Rotevatn forlet eit verv som vararepresentant til styret i Dag og Tid, fordi ho var beden om å sitje i eit utval som skulle vurdere mellom anna ein søknad om 6,1 mlllion i pressestøtte til nettopp denne avisa. Utvalet er underlagt Norsk kulturråd.
Bestill abonnement her
KJØP