Desse skal lesa høgt frå rapport i 35 timar
700 SIDER: 1. juni er rapporten frå sannings- og forsoningskomiteen klar. I meir enn tredve timar skal ei rekkje profilar ha høgtlesingsdugnad, direktesendt på NRK.
DUGNAD: Samtingspresident Silje Karine Muotka, programleiar Solveig Kloppen, preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, og politikar Olaug Bollestad er blant dei som skal lesa høgt frå den omlag 700 sider lange rapporten frå sanningskommisjonen.
Alf Simensen (NTB)/Stian Lysberg Solum (NTB)/Guro Asdøl Midtmageli/Tuva Skare
I fleire år har sannings- og forsoningskomiteen som er oppnemnt av Stortinget granska forsnorskingspolitikken – etter modell frå andre land som har gjort opp for urett mot urfolk og minoritetar. Fornorskinga av samane starta allereie på 1700-talet og blei ein uttalt politikk frå 1851.
1. juni er skal rapporten leggast fram for Stortinget.
Same dag startar ein storstilt lesedugnad av rapporten, der ei rekkje kjente profilar deltek. Det kjem fram i ei pressemelding frå Festspela i Bergen, som saman med Nationaltheatret og det kvenske teateret Kvääniteatteri har tatt initativ til høgtlesinga.
Bestill abonnement her
KJØP