Denne saka er viktig for Ingeborg. Ho er ikkje åleine
UNDERSØKING: Nordmenn vender seg vekk frå miljøsaka og over til dei nære ting. No gjer ei sak comeback som viktigast for veljarane.
FRAMTID: Vesle Lara er fire månader gamal. Mamma Ingeborg Skomedal Torvanger har alt begynt å tenka på korleis ho vil få det på skulen.
Erlend Berge
– Eg håpar ho skal få det like fint på skulen som det eg hadde, då eg var barn.
Ingeborg Skomedal Torvanger heldt dottera Lara tett inntil seg. Lara er berre fire månader, men mamma har alt begynt å tenka på framtida.
– Skule er ei viktig sak for meg. Eg er opptatt av at barn lærer å samarbeida og lytta til kvarandre, og ikkje berre lærer teori. Derfor er kunstfag viktig for meg.