Dempa vaksinejubel i Oslo aust
VAKSINESTRID: Folk i bydelen Stovner lever i episenteret for koronasmitten. No skal dei få fleire vaksinedosar. Bydelsleiar seier dei kan setta 40 gonger så mange dosar som dei gjer i dag.
KLARE: Kenneth Lødding (til høgre) og Jarle Schei har begge underliggande sjukdommar og bur på Stovner, bydelen med høgast smittetrykk i Noreg. Dei ventar på at det skal bli deira tur i vaksinekøen.
Erlend Berge
– Eg har høyrt dei skal setja 100 dosar her denne veka. 100 dosar! Det er ein drope i havet.
Kenneth Lødding bøyer seg ned for å helsa på hunden Nike. Så bryt han ut i ein stygg hoste. 49-åringen har kols, og ventar utålmodig på at det skal bli hans tur i vaksinekøen.
– Det er ikkje synd på meg fordi eg har kols, altså. Men eg meiner at det no må vera vår tur å få desse dosane.