Dempa offisiell frigjeringsmarkering 8. mai
Kongen og statsministeren talar på Akershus festning. Biskopen talar i fredsgudsteneste frå Oslo domkyrkje. Ingen stadar får dei mange tilhøyrarar.
Under markeringa av 50-årsjubileet for
frigjeringa, i 1995, var parken ved Nasjonal-
monumentet på Akershus festning sprengfull.
Terje Bendiksby
Fredag markerer Norge fredsjubileet i det stille. Kontrasten til frigjeringsjubileet i 1995, vil bli svært synleg. Under kransenedleggingane og talane på Akershus festning var det for få ståplassar.
50-årsmarkeringa baud også på parade opp Karl Johan, med kong Harald på paviljong ved Stortinget. Her kom veteranar frå verdskrigen marsjerande. Mellom desse var nordmenn som sat i japansk fangenskap i mai 1945, og som difor ikkje fekk ta del i fredsfesten i Norge.
No fekk dei helse på kongen - og kunne få kongens heider attende. 50 år etter dei andre krigsdeltakarane.
Bestill abonnement her
KJØP