Demonstrerte mot konverteringsterapi
Kyrkjerådsleiaren og Skeivt kristent nettverk meiner eit forbod kan sende eit viktig signal.
– Det aller sterkaste er å sjå skilta kor det står: «Jeg er ikke syk». Det er det dette handlar om. At menneske opplever å bli definert som sjuke på grunn av kven dei elskar og kven dei er. Der meiner eg kyrkja må vere solidarisk med dei, seier leiar for Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum.
Ho sto på talarstolen under demonstrasjonen i utanfor Stortinget torsdag kveld. Organisasjonen FRI sto bak arrangement. Arrangør-organisasjonane kravde at politikarane skal bli samde om ei lov som slår fast at såkalt konverteringsterapi skal vere forbode.
Blant appellantane var Morten Hegseth, journalisten som står bak VG-serien om homoterapi, Anette Trettebergstuen frå Arbeidarpartiet, Emilie Nancy Eiken frå Skeivt kristen nettverk og Henza Anwar frå Salam.