— Delar av Afrikas historie er gått opp i flammar
STORBRANN: Eit historisk bibliotek i Cape Town er skada i ein brann. Tidlegare NRK-korrespondent fryktar at tusenvis av potensielle doktorgradar er blitt til oske.
KJEMPAR MOT FLAMMENE: Brannen starta i fjellsidene til Cape Towns ikoniske fjell Table Mountain. Den spreidde seg til universitetet og det historiske Jagger-biblioteket, som er nesten 200 år gamalt.
NIC BOTHMA
— På dette universitetet går dei som skal bli det nye svarte leiarskapet i Sør-Afrika. No har dei mista bøkene og skriftene sine.
Det seier tidlegare Afrika-korrespondent for NRK, Tomm Kristiansen. Han blir fortvila av å sjå bilete og video frå storbrannen som sidan søndag morgon har herja rundt Universitetet i Cape Town (UCT) i Sør-Afrika. Måndag morgon spreidde brannen seg til nye område i byen.
Brannen starta i fjellsidene til Cape Towns ikoniske fjell Table Mountain. Den spreidde seg til universitetet og det historiske Jagger-biblioteket, som er nesten 200 år gamalt.