Dagen då frigjerarane kom til dødsleiren

15 år gammal gjekk Renee Salt inn porten til Auschwitz. Vel ein million barn, kvinner og menn gjekk aldri ut att. I dag er det 75 år sidan dødsleiren blei frigjort.

Auschwitz Holocaust PoliticsTyskarane valde Oświęcim – eller Auschwitz – då dei skulle etablere ein stor konsentrasjonsleir sør i Polen fordi byen var eit trafikknutepunkt for jernbanen. Her jernbanelina som enda i Auschwitz-Birkenau.(Foto: Markus Schreiber/AP)
Publisert Sist oppdatert

– Eg hugsar alt.

15-åringen blei jaga til venstre, saman med mora. Og overlevde. Faren blei jaga til høgre, på perrongen. Og blei drepen, med overlegg, i gasskammeret.

Renee Salt er ein overlevar; ein Auschwitz-overlevar. Saman med mor og far blei ho skyssa til konsentrasjonsleiren sør i Polen i 1944. For å døy. Fordi dei var jødar. Stua saman i krøttervogner, som kveg, kom dei til utryddingsleiren som var spesialbygd for massedrap. På jødar.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP

Powered by Labrador CMS