Dag Solstad om liv, litteratur og Guds eksistens

Solstad snakkar både utprøvande, velformulert og uhyre interessant i samtale med Alf van der Hagen.

Publisert Sist oppdatert

KOMMENTAR: Blant mange gode forfattarar i Noreg står Dag Solstad som ein av dei beste. Kanskje den beste, sjølv om det på mange måtar er tull å operere med slike termar i litteraturen. Det som er sikkert, er at det er umogleg å komme utanom forfattaren som kollegaen Arne Berggren for nokre år sidan kritiserte for å bygge merkevare ved å buste til håret og opptre som «norsk samtidslitteraturs 7-Eleven».
Berggrens kritikk fall stort sett på steingrunn. Solstads forfattarskap står som referanse både for eit lesande folk og for yngre forfattarkollegaer. Når Vigdis Hjorth for ei veke sidan tok imot Kritikarprisen for romanen Leve posthornet!, var det fleire som hadde påpeikt korleis ho skriv i tradisjonen etter Solstad. Det finst fleire enn Solstad som har sin eigen tradisjon, men få som matchar posisjonen hans som stabil premissleverandør for litterær kvalitet.

Tiår for tiår. Alf van der Hagen går rett nok nokså langt i etterordet til samtaleboka Dag Solstad. Uskrevne memoarer, som vart lansert i Aschehougs villa i Oslo i går. Der nemner han Solstad i same andedrag som Henrik Ibsen, Knut Hamsun og Edvard Munch. «At Dag Solstad i dag må regnes som Norges største nålevende forfatter, er ubestridelig.» Vi forstår altså at van der Hagen er meir enn velvillig innstilt til samtalepartnaren sin.
Er det eit problem? I liten grad. Den nesten 500 sider lange samtalen er ikkje bygd opp rundt konfliktstoff, men er ein kronologisk gjennomgang av liv og forfattarskap, tiår for tiår. Berre eit par gonger får eg kjensla av at van der Hagen har vegra seg for å trø Solstad for nært inn på privatlivet, som når forfattaren på side 104 fortel om den første kjærasten sin. Korleis er det mogleg å følgje opp skildringa av kyssing og stemnemøte med spørsmålet: «Begynte du å røyke tidlig?»

Får Solstad i tale. Det er likevel litt slemt å trekke fram slike bagatellar, for det som først og fremst kjenneteiknar Alf van der Hagen som intervjuar, er ei imponerande evne til å – som det heiter på journalistspråket – få intervjuobjektet i tale. Det dialogmeisteren van der Hagen driv med, ligg i skjeringspunktet mellom samtale og litteratur, mellom journalistikk og kunst. Han legg ut ei rekkje trådar som Solstad villig plukkar opp og følgjer vidare, og sam-talen fører ofte til nye og interessante utsegn frå Solstads side, som den eg har brukt i tittelen: «Romanen er en andakt.» Akkurat dette kunne eg godt ha tenkt meg endå meir utdjupa – utover at romanen er meir enn eit frirom frå verda, meir enn eit pustehol – men det er minimalt med pludder i det som er blitt ei svært informativ bok om Solstads tenking og forfattarskap.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS