Byrådsleiar Valhammer beklagar til barnevernsbarn i Bergen
Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) lovar at byrådet i Bergen skal gjere alt dei kan for at ikkje fleire barn blir svikta av barnevernet.
BEKLAGER: Byrådsleiar Roger Valhammer varslar fleire tiltak i barnevernstenesta i Bergen.
Marit Hommedal/NTB
– Eg beklagar på det djupaste. Dei skulle vorte hjelpte lenge før, sa byrådsleiar Valhammer under møtet i Forretningsutvalget tysdag, skriv Bergensavisen.
Utsegnene kjem etter at barnevernssjefen i Bergen, Alette Hilton Knudsen, måndag varsla at ho går av.
Bergens Tidende skriv at det skjer i kjølvatnet av krass kritikk mot barnevernet, etter at Statsforvaltaren i Vestland avdekte alvorlege manglar i oppfølginga til barnevernet av ein sju år gammal gut som vart funnen hardt skadd, fastbunden i ei seng.
Bestill abonnement her
KJØP