Bush meir open om eiga drikking
For første gong seier president George W. Bush at at han veit kva det vil seie å vere avhengig av rusmiddel. – Trua på ei høgare makt hjelpte meg med å slutte med drikkinga, seier han.
Den amerikanske presidenten uttala seg denne veka i meir opne ordelag om sitt forhold til flaska enn det han har gjort tidlegare.
– Det er vanskeleg å kome over det du er avhengig av. Som de kanskje hugsar drakk eg altfor mykje på eit tidspunkt i livet mitt, sa Bush under eit besøk denne veka på ein kyrkjeleg institasjon som hjelper tidlegare innsette ut av rusmisbruk.
Forståing. Etter møtet snakka Bush med pressa etter eit privat møte med to menn som hadde gjennomgått programmet Jericho Program, som vert drive av den episkopale kyrkja i Maryland. Ein journalist fekk høve til å overhøyre denne samtalen, der presidenten snakka ope om sine eigne røynsler på området.
Bestill abonnement her
KJØP