Budsjettkutt: Tidlegare fredsprisvinnar fryktar nedlegging
BUDSJETT: I 2017 fekk ICAN fredsprisen, no vurderer den norske greina å legga ned etter kutt i statsbudsjettet. SV lover å kjempa for å få tilbake støtta til organisasjonar som jobbar mot atomvåpen.
ENGASJEMENT: Bestemødre for fred legg ned ein krans i Oslo i 2014. Det skjedde under ei Hiroshima-minnemarkering arrangert av organisasjonen Nei til atomvåpen.
Vegard Wivestad Grøtt
– Me reknar med at me får snudd på dette. Regjeringa bør levera på eigne løfte, men me skal sjølvsagt gjera vårt.
Det seier SVs Ingrid Fiskaa om regjeringas kutt i støtte til organisasjonar som jobbar mot atomvåpen.
I forslaget til statsbudsjett kuttar regjeringa arbeid med kjernefysisk nedrusting med 20 millionar og fjernar ei støtteordning til anti-atomvåpen-organisasjonar.