Brev frå veslebroren

Stakkars Judas! Ikkje berre er brevet hans eit av dei stuttaste i Bibelen; det er òg plassert nesten heilt til sist. Attpå til heiter han Judas. Ikkje rart at dei færraste har lese brevet hans.

Publisert Sist oppdatert

Grunnen til at dette brevet er teke med i Bibelen, er at han kallar seg «Judas, Jakobs bror». Ikkje noko spesielt med det, kanskje. Både Judas og Jakob var vanlege namn på Jesu tid. Denne Judas kan vel vera kven som helst?

Spennande blir det fyrst når vi les at to av brørne til Jesus heitte Jakob og Judas (Matt 13,55), og at brørne hans var leiarar i den fyrste kyrkja (1 Kor 9,5). Då skjønar vi at det er veslebror til Jesus som står som forfattar til brevet!

Kva er det som ligg Judas så tungt på hjarta at han ò grip pennen? Kvifor ser han seg nøydd til å «senda dykk nokre formanande ord om å strida for trua»?

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP