Braut med Visjon Norge – Evangeliesenteret går til ny kanal
Kort tid etter at Evangeliesenteret avslutta 17 år på TV Visjon Norge, startar dei no eit samarbeid med Kanal 10.
Dagleg leiar Trond Palmgren Eriksen på direktesending på Facebook 19. mai. Frå månadsskiftet går Evangeliesenteret over til Kanal 10.
Skjermdump/Evangeliesenteret
1. juni går Evangeliesenteret sine sendingar over på den kristne, Oslo-baserte TV-stasjonen Kanal 10. Inntil nyleg samarbeida dei med Visjon Norge i 17 år, men førre veke var Evangeliesenteret éin av fleire aktørar som gjekk ut av Jan Hanvolds TV-kanal.
– Me er veldig takksame for moglegheita til å sende programma våre her, seier dagleg leiar i Evangeliesenteret, Trond Palmgren Eriksen, i ei pressemelding.
– Me ser òg fram til å jobbe i lag utover dei faste programma, for eksempel med konferansar, held han fram.