Brått
Tanken på at det brått er over, alt saman, er ikkje til å halda ut, skriv Vigdis Berland Øystese.
Brått hender det noko. Noko som forandrar alt. I haust har fleire opplevd at huset deira vart rive vekk av flaumen. Dei miste alt dei åtte; fysiske minne frå eit heilt liv flaut bort. Somme lever under store fjellnabbar som trugar med å falla ned og knusa dei og eigedomen deira. Andre får melding om ein alvorleg diagnose under ein ordinær legekonsultasjon. Ei ulukke rammar ein ven; ein slektning døyr uventa.
Som i Noahs dagar, heiter det i teksten. Det passar på dei fleste tider og stader. Dagane går sin gang; folk følgjer tralten. Somme arbeider med truskap for gode formål, andre er opptekne av å nyta eller samla. Dei fleste vil tryggja seg sjølv og sine. Dei færraste tenkjer på at alt skal ta slutt. For tanken på at det brått er over, alt saman, er ikkje til å halda ut og. Vissa om at alt snart kan enda, kan koma til å snu opp ned på alt ein heldt for å vera viktig og godt, og behageleg.
Dagens tekst er skremmande: To som arbeider saman, og brått er den eine borte. Denne teksten og andre som liknar, har også vore brukte til å skremma. Føremålet var nok det beste: Det galdt å få folk til å tenkja seg om og velja den rette sida i spørsmålet om gudstru og evig liv. Men det verkar som den slags forkynning har gått ut på dato; det er sjeldan vi høyrer slikt no, og det er vel lite truleg at det verkar.
Bestill abonnement her
KJØP