Bondens nye venner
Nå kjem «gardenistaene» og fyller sosiale medie med hagebilde.
«Hagearbeid gir datamaskinistane skitne negler, låge skuldrer og djupare innpust», skriv Ann Kristin van Zijp Nilsen.
Monica Løvdahl
Det er muleg at eg vinn eit drivhus. «Send sms DRIVHUS» til eit firesifra telefonnummer var alt som skulle til for å bli med i hagesenteret si trekning. Og seia ja til tilbods-spam, så klart, men det er det verdt. Drivhuset er ein del av Den store hagedraumen. I draumen min er hagestilen heilt unik, og likevel akkurat slik du har sett han i livsstilsmagasin eller på Instagram.
For draumen er langt frå unik, nå sprett den norske hageinteressa meir enn eit bjørketre i mai. I fjor viste ei britisk undersøkjing at unge mellom 25 og 35 år brukar gjennomsnittleg 12-15 timar på hagearbeid kvar månad. The Telegraph konkluderte med at unge vaksne like gjerne steller tomater, som at dei er på Twitter.
Gardenistaene