Blir tidenes yngste statsråd: Ida Lindtveit Røse (27) tar over for Ropstad
Medan KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad skal i pappaperm, blir Ida Lindtveit Røse ny barne- og familieminister, melder NRK
Ida Lindtveit Røse skal ha sagt «køddar du no?» då Ropstad spurde om ho ville vere statsråd i tre månadar.
Erlend Berge
No har KrF og Kjell Ingolf Ropstad funne statsrådens arvtakar medan han skal ut i pappapermisjon.
Frå juni, og tre månadar framover, blir 27 år gamle Ida Lindtveit Røse ny barne- og familieminister, melder NRK.
– Eg blei veldig overraska då telefonen kom, men då sjokket la seg var eg ikkje i tvil om at dette må eg svare ja til, skriv Lindtveit Røse i ein epost til Vårt Land.