Blir nekta visum til Norge for andre år på rad
FÅR IKKJE REISE: Falastin Qaddumi gledde seg til besøket på Kyrkjeveka for Israel og Palestina. Men ho får ikkje visum. Utlendingsnemnda tvilar på at kvinna vil reise heim. I Palestina har ho mann og barn.
FEKK NEI: Falastin Qaddumi (t.v.) saman med Lana Khaled, som fekk avslag på visum til Norge i fjor. Falastin Qaddumi blei nekta visum i år.
Privat
– Eg er veldig overraska, årsaka til avslaget er uheldig og urettvist, fortel Falastin Qaddumi til Vårt Land, via Trond Pedersen.
Som leiar i Vennskapsforeningen Nes-Jayyous hadde han organisert eit vekelangt besøk i Viken-kommunen Nes på Romerike frå den palestinske landsbyen Jayyous på Vestbreidda.
På programmet sto mellom anna eit lokalt arrangement der Årnes menighet og venskapsforeininga markerer den årlege Kyrkjeveka for fred i Israel og Palestina, som er neste veke. Arrangementet er globalt.