Bispedøma spør ikkje om ekteskapssyn i jobbintervju til prestestillingar
Ingen bispedømeråd følgjer kyrkjerådsleiar Raaum si oppfordring om å undersøke synet på likekjønna ekteskap i jobbintervju.
- Me plar ikkje å spørje om ekteskapssyn i jobbintervju, men det hender det kjem fram i løpet av samtala kor vedkomande stiller seg teologisk. Men det er ikkje eit fast spørsmål om det, nei. Me er meir opptekne av om dei kan samarbeide med andre som har eit anna syn enn seg sjølv, seier stiftsdirektør i Oslo bispedøme Elise Sandnes. På biletet sit ho i eit møte.
Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum sa til Aftenbladet tidlegare i juli at ein i kvart bispedøme burde jobbe for teologisk breidde og mangfald blant prestane i synet på homofilt ekteskap.
For å sikre mangfaldet meiner kyrkjerådsleiaren at det kan vere lurt at dei ulike bispedømeråda spør presten på jobbintervjuet korleis ho eller han stiller seg til likekjønna vigsel og tar dette i betraktning i tilsettingsprosessen.
Også leiar for bispedømerådet i Oslo, Gard Sandaker-Nielsen, synst at det er eit relevant spørsmål.